29.01 hadde Fagforbundet Helse Førde årsmøte.
For første gang prøvde vi med oppmøte på tre plassar, Førde, Sogndal og Nordfjordeid-og digital løysing. Dette fungerte veldig bra, og vil nok bli løysinga framover også.
Det var mange på val i år, og vi har fått eit nytt, flott styre med ei fin blanding av nye koster og gamle travarar. Leiar Sølvi Anne Birkeland takka for seg og skal vidare i nytt verv som regionsektretær i Fagforbundet Vestland. Ny leiar vart Tove Nødset, til vanleg hjelpepleiar ved ISP.
Vi takkar så mykje for innsatsen til dei som går ut, og gratulerer alle med nye verv - lukke til med arbeidet i det neste året.
Vedlagt er underskriven årsmelding og protokoll.