Stein Husebø fylte 80 år den 11. oktober.
– Grunnlegginga av Verdighetsenteret i 2008 er ein milepåle i arbeidet med å sikre eldre ein verdig alderdom, seier Luther som òg sit i styret til Verdighetsenteret.
Husebø vart overlege ved Haukeland sjukehus i 1980, og her tok han initiativ til å få oppretta smerteklinikken, og la vekt på eit heilskapleg menneskesyn, tverrfagleg arbeid og pasientens oppleving. Seinare var han òg leiar for prosjektet «Hospice og palliativ medisin for eldre» ved Bergen Raude Kors Sjukeheim, før han altså i 2008 grunnla Verdighetsenteret, saman med mellom anna Fagforbundet.
Han har motteke fleire prisar for sitt arbeid, mellom anna den norske pasientprisen og livsvernprisen.
– På vegne av Fagforbundet vil eg gratulere Stein Husebø så mykje med dagen, og takke han for livslang innsats for kvalitet i norsk eldreomsorg, seier Luther